
Ødhumbla gardsmjølk - passe støtt!

Velkome
Laga av mjølk frå kyrne på Uppigard Skoe midt i Gudbrandsdalen. Denne mjølka er lågpasteurisert opp til 72 ˚C i 15 sekund utan at den gode smaken påverkast.
Mjølka er ikkje homogenisert, så du vil få eit fløtelag øvst i flaska. Rist difor flaska før du nyt eit iskaldt glas mjølk.
Feittinnhaldet vil variere ut i frå kva kyrne har på menyen, men den ligg som regel mellom 4,0 og 5,0 %.
Visste du at Ødhumbla er urkua i norrøn mytologi?
Ødhumbla gardsmjølk
Denne heimesida er laga for både abonnentar og dei som vil lære meir om garden vår. Mjølka vår finn du i butikkar som Annis pølsemakeri, Gålå Handel, Ødegården Kvam, Sans Kafe og Bar, og Fåvang Skafferi. I tillegg har vi ein mjølkebu på Uppigard Skoe der du kan få tak i mjølka i eit drop-in kjøleskap og eit kjøleskap for abonnentane våre.
Takk for at du besøker oss!
Lansering av Ødhumbla Gardsmjølk
Vi starta med sal av gardsmjølk den 14 mars 2024. Du er velkome til å freiste produkta våre som du kan få tak i på utvalgte stader her i midtdalen. Våre samarbeidspartnere er Sans kafe, Sulseter Fjellstugu, Skåbu fjellhotell, Spar Vinstra, Gålå handel, Valseter Pensjonat, Sygard Grytting, Peer Gynt Catering, Ruten Fjellstue, Dalseter Høyfjellshotell, Peer Gynt Hotel & Spiseri, Sødorp Gjestgivergård, Dølakjøtt, Annis Pølsemakeri og Fåvang Skafferi.
Under er nokre artiklar om Ødhumbla AS :)
https://www.gd.no/gir-meg-tilbake-stoltheten-og-motivasjonen-som-matprodusent/s/5-18-2075962
Tar gardsmjølka noen skritt videre – vurderer å øke produksjonen - dolen.no
Ødhumbla – Et gårdsmeieri i hjertet av Gudbrandsdalen — Skåppå
Selger gårdsmelk fra Norges minste meieri - Nibio

